mandag 7. juni 2010

Ein æra er over.

Vemodig, ja! Rett og slett vemodig. Vi avslutta 18 års hyttebruk på Lesjaskog denne helga. Svigerforeldra mine har hatt den samme hytta på åremål i over 18 år, sidan Musikanten var knappe året. 18 og eit halvt år, for å vere nøyaktig!

Eg talde over i hyttebøkene då vi heldt på å pakke saman. Eg fann 91 besøk, og det kan vere at eg oversåg noko i farta! Ein god del av desse besøka har vore ei vanleg helg, men vi har vore der så godt som alle påsker, ei langhelg i vinterferie/haustferie, ein del av sommarferien.... Kort sagt: Vi har vore der ganske mykje.

Denne helga var vi kjempeheldige med veret! Vi hadde sol frå skyfri himmel, og temperaturen var heilt ok. Vi gjekk ein ganske lang tur laurdag, i alle fall for små bein på 3 og 7 år! Minstemor sat på skuldrane til pappa nokre små økter, men ho har blitt veldig flink til å traske i veg sjølv. Og så er Prinsessa flink til å motivere, når det passar henne;) På tilbaketuren gjekk dei og heldt i kvar sin ende av vandrarstaven til Prinsessa, og var sååå søte!Det er litt ekstra stas å lage mat på turen, så både laurdag og søndag laga vi mat på stormkjøkenet. Laurdag var menyen berre pølser med brød, men søndag laga vi fruktsuppe og sveler! Det var snadder! Ferdig røre på brusflaske, og rørt bringebærsylte i sekken. Nam! Jentene åt som om dei ikkje hadde sett mat på lenge. Ingenting smakar betre enn nysteikt mat på fjelltur. Her er utsikta over "vårt" rike... Berget har vore fast turmål i mange år, og har ei flott utsikt over Lesjaskog. I bagasjen heim hadde vi også alle brettspela vi har sett att på hytta i løpet av mange år. Det vart ein heil haug, og no må eg vurdere korleis eg skal få plass til dei heime.... Eigentleg vil eg gjerne ha dei i det eine skapet i stova, lett tilgjengeleg. Men då må eg ommøblere ein del saker som bur i skapet no. Det krev litt planlegging;)
Det får vi ta igjen etter at sola har gått ned ein kveld!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så vemodig! Trist med slike ting som tar slutt. Men, forhåpentligvis betyr det bare at det er begynnelsen på et nytt og spennende kapittel.

Nora sa...

Skjønner godt det er vemodig, med det går seg vel til etterhvert. Gode minner og flotte bilder er kjekt å se tilbake på :)

Frau Putz sa...

Kan godt forstå, at du er lidt vemodig.
Jeg husker, da vi gik og pakkede tingene ned hos min mormor og morfar, da de blev så gamle, at de måtte sælge huset og flytte i en lejlighed.
Det var så trist at sige farvel til det hus, som havde rummet så mange gode oplevelser.

Jeg håber I finder et andet sted at tilbringe ferierne sammen med familien. Et nyt sted at skabe minder og traditioner.
Brætspillene har du jo ;)

Klem fra FP