torsdag 24. juni 2010

Gode hjelparar og god trekning

Eg har hatt tre jenter i full aktivitet. Det vart ein lengre prosess enn eg hadde tenkt, denne trekninga... Eg hadde 56 lappar på stovebordet, og jentene oppdaga at eg hadde LODD! Dei to som bur i huset er vande med at mamma gjer mykje rart, men ho som var på besøk lurte veldig på kva ho skulle vinne. Ho hadde store vanskar med å fatte at det ikkje var eit einaste lodd med hennar namn på...Då eg viste fram gevinsten vart ho enda lengre i maska. Og ho lurte på om eg hadde hatt ein annan ting, ein skikkeleg premie, dersom ho hadde vunne:) Heldigvis var det ikkje ho som vann. Derimot var det Wigdis som vart trekt ut i siste runde.

Vi måtte nemlig ha fleire omgongar, nesten som i VM, innleiande runder og finaletrekning!

Garnet er kjøpt i Riga, så det er eksklusive greier! Ei blanding av bomull med viskose, så det er litt blankt. Pakken skal gå i posten i morgon!

3 kommentarer:

Monstermønster sa...

Flott PREMie! gRATULERER TIL VinneR! (mINSTA HERjer meD CAPS lOCK KNAPPEN)

Greta sa...

Gratulere til den heldige vinner. det såg ut som eit spennde garn. Ha ei flott helg

wigdis sa...

Å nå gleder jeg meg. Så spennende med nytt garn.
Ha en fin helg.