mandag 28. juni 2010

Godt-humør-bloggparty

I kveld har eg ei lita utfordring til alle som kjem innom!

Legg ut noko du blir i godt humør av!

Det må vel vere toppen av lykke å gå på bloggbesøk og sjå kva folk vert i godt humør av:) Eg har plukka fram Shakira sin VM-låt: Waka Waka, This time for Africa.

Nokre gongar har eg vel høyrt delar av den på radioen, men ein gong spelte dei heile songen, og eg vart hekta. Det er noko med musikken til Shakira, eg må berre bevege på meg!! Og det er faktisk VM-relatert, så eg brukar nokre minutt på VM sjøl om eg ikkje ser mange minutt fotball....

Legg inn ein kommentar, så skal eg kome på besøk og bli i godt humør i bloggen din også!


2 kommentarer:

Saria sa...

Denne videoen gjør meg glad: http://www.youtube.com/watch?v=4-94JhLEiN0. Den er fra et bryllup, der både gjestene og brudeparet danser seg nedover kirkegolvet :) bloggen min er nyoppstartet så det er ikke så mye spennende der foreløpig, men du er velkommen innom allikevel!

Talentina sa...

å digger den sangen!!