mandag 21. juni 2010

Ny lue til jonsok...

Prinsessa får vere modell, for det vil ikkje pappaen...
I år har det vore ein kald vinter og ein kjedeleg sommar så langt. Så det passar sikkert bra at gubben får ei ny lue til jonsok, også kalla sankthans andre stadar i landet;)

Den er strikka av Drops sin merino, og oppskrifta fann eg i haudet mitt. Også kalla hovud eller hode;)

Grunnelementa er pinne nr 4 og 104 masker, og deretter blir det litt tilfeldig. Ypperlig strikk for reiser...

Mellom anna vart det strikka nokre omgongar på veg til Ålesund på konsert. No er det vanlegvis fuglar nok på kysten, men desse har eg ikkje sett før. Reinslege og fine fuglar, eg var ikkje redd for å få fugleskit på meg;)

Det er lenge mellom strikkeinnlegga no, men det er fordi eg både har lite tid til å strikke, og strikkar på større ting. Kombinasjonen er ikkje heilt heldig. Eg har stor tru på denne kjolen til Prinsessa, så den må eg bli ferdig med snart. Må nok prioritere den framfor eit par sokkar og den varme ullkjolen til meg sjølv. Originalen i oppskrifta var veldig søøøøt, i rosa og meir rosa. Eg vart veldig glad i desse fargane.

4 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

Så fin hue!
Du er berre så utruleg flink!

Eg har ei utfordring til deg inne hos meg;)

God mandagskveld♥

Klem frå lisje meg♥

Greta sa...

Jonsok hua passa fin på haude til prinsessa din den. Gubben burde du o ggje eit anna navn. Ka med kjæresten min, eller min kjære mann. Gubben høyres litt gammalt og kjeligt ut. hihi

Den kjolen såg da berre nydelig ut.
Gler emg til å sjå an ferdig.

ha ein fin kveld på sunnmøre

Mammamiia sa...

Håper gubben ikke får bruk for lua på jonsokaften ihvertfall :)
Kjolen blir kjempesøt! Gleder meg til å se den ferdig.
Apropos "gubben" - her sier vi også gubben, - og det er litt søtt synes nå jeg da, hjemmekoslig lissom. Min far kalte min mor for "kjerringa" og vi fikk ofte forklart at det ikke var negativt, - men at hun var hans kjære (kjæring), derfor... :)
Ha en flott dag.

Frau Putz sa...

Jeg forstår godt, at prinsessen vil være model for fars hue, når hun til gengæld har udsigt til snart at kunne gå rundt med verdens fineste strikkede prinsessekjole.
Skønne farver. Alt behøver ikke at være rosa ;)

Klem fra Frau Putz