fredag 4. juni 2010

Siste hyttetur?

I helga skal vi på hyttetur igjen, men no er det truleg for siste gong! Svigerforeldra mine har leigd den samme hytta i 18 år, men har sagt opp leigeforholdet frå 1.juli. Det er litt vemodig, for vi har jammen vore der mange gongar!

Eg skal legge inn nokre mimrebilete etter helga, her er eit frå eit vinterbesøk. Det er her borna har lært seg å gå på ski, slalomski har dei vel knapt prøvd andre plassar. Det er mange koselege kveldar med fyr i omnen, stearinlys og kanskje eit brettspel? Kryssord, det er berre på hytta eg har teke meg tid til slikt!

Ha ei fin helg, det skal eg!

1 kommentar:

Ugla sa...

Å, det blir nok vemodig. Men da er det vel bare å se etter noe annet :-)