tirsdag 8. juni 2010

Snill postdame og andre gåver!


Eg er heldig for tida! Eg har fått ein flott pakke frå Sissel berre fordi eg var heldig og vart trekt ut:) Ho har sydd ei stilig veske i svart og fleirfarga stoff. Og i tillegg putta ho ein overraskelse i veska! Ei søt toalettveske i lilla og rosa:) Jentene har mange gode forslag til kva dei kan bruke denne til. Kanskje må dei få arve den?
Det er ikkje så lenge sidan eg hadde bursdag:) Då fekk eg mellom anna ei stilig sommarskål med brett til. I helga snakka gubben med lengsel om rødgrøt med fløte. Så då måtte eg berre prøve å lage det! Han syns ikkje det smakte like godt som han hugsa det.... Uansett er skåla stilig, og eg skal lage salat i den seinare i sommar! Perfekt med plastskål til grilling og anna uteliv.
Elles har eg fått boka Maskeball av Tine Solheim. Maskepi har eg, og eg har ein kjole på pinnane... Der blir han sikkert ei stund framover. Men bøkene er flotte å samle inspirasjon frå!


5 kommentarer:

Tovepia sa...

Kjempefin veske du har fått...og sminkepung! Heldige du med skåler og gaver!

Ha ei fin uke og klem fra meg;)

Vibekes lille ullne sa...

Det var snill postdame og veldig fine gaver fra Sissel! Gratulerer med vel overstått bursdag! :)

Greta sa...

Den veska der likte eg. Såg både praktisk og god ut. Sommertur veske. :)
Det er ikkje alltid alt smaker slik ein hugser det. Men salat er alltid godt. Flott skål.
Ha ei fortsatt flott uke

Sissel`s syglede sa...

Så godt å se at det har kommet frem. Håper du liker både veska og pungen. Kos deg masse med den i sommer.
Ha en fantastisk onsdag.
Klemz fra Sissel.

mimouna sa...

Jammen hadde du fått mye fint! Vesken var skikkelig flott, imponert over de som kan sy slikt.