lørdag 19. juni 2010

Sommar eller haust? Er jammen ikkje sikker...


No er det sommareferie på skulane. Men eg får meir inntrykk av haustferie når eg ser ut. Det har vore surt og kaldt, regn og kuling. Store greiner har knekt av trea, og det er rett og slett langt frå sommarfølelse.

I går hadde vi sommaravslutning for alle tilsette ved skulen. Det var ein hyggeleg kveld, sjøl om veret var elendig. Eg valde ein tjukk strikkagensar i staden for noko lekkert;)

Vi spleisa på mykje av maten denne kvelden, og eg laga urtebrød som eg tok med meg. Gubben likte ikkje lukta i huset etterpå, så eg får nok ikkje lov til å lage dette fleire gongar. Han er sterkt imot kvitløk;)

Oppskrifta er enkel, og det smakar godt! Så her kan du eit tips:

URTEBRØD
6 kveitetortillas

1,5 dl olivenolje med 2-3 fedd knust kvitløk varmast sakte opp. Kvitløken skal ikkje skifte farge, berre gje smak til oljen.
Pensle olje på begge sider av tortillane, kutt i trekantar. Legg dei på bakepapir på bakeplata. Krydre med ca 2 ts italiensk krydder og 2 ts Maldonsalt.
Steikast på 180 grader i 8-10 minutt.

Resultatet vert små, salte brødbitar, med god kryddersmak.
Her er innlegget mitt frå samme hytta i fjor. Då sat vi faktisk ute lenge, det var ikkje eit aktuelt tema i går, for å seie det slik....


3 kommentarer:

Greta sa...

sommeren kommer. den er nesten her i sogn i dag. Sol og gradestokken er snart over vårtemp. :)

Dei småbrda dine skal eg nok prøve ein gong. Såg spennde ut

Tovepia sa...

I helga har det vært helt forferdelig, så sommeren, den må vi ha tilgode, kan ikke skjønne annet;)

Disse så gode ut, takk for oppskrifta!!
Klem fra meg;)

Red Hobbitt sa...

Her i nord er vi ikke lenger i tvil om hva slags årstid vi har, det har nemlig snødd nedenfor skoggrensen. Går ikke an å se på kalenderen når man skal kle på seg.
Takk for at du deler oppskriften, den skal jeg prøve om jeg får tak i det riktige melet.