mandag 5. juli 2010

Feriehelg!

Helg er ein fin ting! Eg har ferie, medan gubben min må jobbe ei veke til. Men denne helga vart det litt feriefølelse uansett. Det har vore ein kald sommar hittil, med ein god del regn og kjedeleg ver. Men denne helga vart det varmt! God match med at det var Opplev Hareid-dagar. Desse dagane er alltid fyrste helga i juli, og det har av og til slått til med knallver. Denne helga var vi fleire gongar i sentrum, i Åsendalen der vi har ei grøn lunge. Der kunne vi kjøpe heliumballongar, t-skjorter og lakris i metervis, handarbeid, heimebaka lefser og anna snadder, kunst, fillipinske og thailandske grillspyd og vårrullar... Radiobilar og hoppeslott, hesteriding, og ikkje minst: vikingar! Desse tok eg ikkje bilete av. Men minstemor på hesteryggen måtte eg knipse:)

Søndagar er godt eigna til sykkeltur. Prinsessa er flink til å sykle no, og minstemor sit bakpå sykkelen til mamma. Så denne søndagen vart det sykkeltur til ishavsbygda Brandal. Det er den lengste sykkelturen Prinsessa har vore på, det er kanskje 5 km ein veg. Heldigvis er det mogleg å legge ein stopp på Ishavsmuseet i Brandal, der sel dei både vafler, is og kaffi. Godt å ha eit mål for turen!


1 kommentar:

Sisselshverdag sa...

Hm, museum på Brandal, det visste jeg ikke. Må nok ta en tur en gang jeg er oppover.
Ha en flott ferie :)