mandag 16. august 2010

Endeleg ein skikkeleg sommardag!

Tenk at vi skulle få ein slik dag! Det er luksus:) Sjølv om det gjerne skulle ha skjedd nokre veker før... No er det nemlig jobb igjen, og ingen store sjansar til å nyte sola på dagtid.

Heldig er Prinsessa som har tanter som vil låne henne! Ho fekk vere på besøk hos syskenborn i dag, og har bada, leika i vasspreiar-strålen og kosa seg i det nydelege veret. Det vart til og med overnatting:)

Men eg har kosa meg med kameraet ute.
 
Det blomstar alle stadar! Og vi har eit håp om å få eple og moreller frå eigne tre.

I kveld hadde vi det rett romantisk:) På veg heim frå svigerfamilien passerte eg ei familie som sel krabbeskjell, ferdig renska. Ferskt, delikat, og passe salta. Nydeleg smak! Så vi putta minstemor til sengs, og dekka på med kvitvin og loff. Det er ikkje ofte vi sit ute og et om kveldane...

I dag var det over 25 grader her, og det vart enda varmare inne. No er det heldigvis mogleg å få ned temperaturen om natta, og då er det godt å sove:)
 



Posted by Picasa

3 kommentarer:

Fra det lille røde huset.. sa...

Ja i går hadde vi en skikkelig sommardag her på traktene. 27 grader var det da jeg dro hjem fra jobb!

Spiste fylte krabbeskjell på lørdag jeg også.... Svigersønnen min og dattra hadde "Krabbefest" før de reiste på Nordsjøfestivalen, ...og stakk nedom meg (barnevakt og mormor)..med krabbe også... Trooor du jeg kooooste meg!!! Ååååå! Namnam....
Ha en fin dag på sunnmøre i dag!

Greta sa...

Så bra da at dere virkelig koste dere. Ein skal leve litt i kvardagen også. krabbe er det også fryktelig lenge sidene g har ete. Ikkje siden vi flytta til sogn.
ha ei fin uke på jobb

mimouna sa...

Deilig med noen skikkelige sommerdager nå helt på tampen. Høres ut som om dere fikk utnyttet dagen godt. :o)