lørdag 14. august 2010

Koselaurdag:)

Eg nyt fred og ro i heimen:)

Prinsessa er på fotballcup saman med pappaen, minstemor er i teiknemodus og eg skal berre kose meg med å lage ei ostekake. I morgon er eg med som vertskap på ein søndagskafe/matsal. Det er også kjekt!

Elles har eg all verdens tid i halvanna døgn til. Mandag er det tilbake til kvardagen, og eg er spent på kva rektor har tenkt eg skal fylle vekene med neste skuleår. Det er stor sannsynligheit for at eg skal vere saman med nokre av dei samme som i fjor, men det er gjerne ei viss utskifting også.

Vi er så heldige at vi bur tett på familien. I ei veke har systra mi med familie vore på besøk hos foreldra våre i nabohuset. Kjekt for jentene mine, som har leika og kosa med syskenbarn som dei ikkje har sett på eit år. Dei to i midten har leika mest, medan minstemor her har gått og dilta etter den største av syskenbarna. Onkel Jon var ganske skummel for minstemor, ho ville ikkje snakke med han og helst ikkje sjå på han dei fyrste dagane. Men i dag var ho trist fordi han skulle reise! Han tulla så mykje, sa ho:) Heldigvis skal dei ikkje tilbake til Kina no, så då er det ikkje eit heilt år til neste gong vi ser dei!

Nei, no er det på tide å gjere ferdig kaka. Og så støvsuge litt, skal du sjå...

3 kommentarer:

Fru Keilegavlen sa...

Så koseleg med besøk! Kos deg på sundagskafèen.

Greta sa...

Høyres ut som ein veldig god laurdag det der. Alltid kjekt med familie på besøk. Håper det gjekk bra å begynne på jobb att i dag. klem

Judit sa...

Ja da er vi tilbake på jobb her i heimen også. Ha en fin høst:-)