torsdag 12. august 2010

Sommarferien er fryktelig snart over!

Det er godt å tenke på at det enno er nokre dagar igjen:) I går var eg på jobb, og dermed set eg liksom enda meir pris på at eg har fri i dag og i morgon. Så brakar det laust for fullt på mandag. I går var eg lærar, noko eg ikkje er til vanleg. Stressande, faktisk! Og så er det litt ekstra stress at elevane er vaksne innvandrarar, med mangelfulle norskkunnskapar som største fellesnemnar.... Dei kom frå alle moglege land, hadde allslags erfaringar frå tidlegare, og eg skulle fortelle om arbeidslivet i Noreg. Og om jobbsøking, fagforeningar etc.

Eg var sliten etterpå! Og veldig glad for at eg hadde laga powerpoint-presentasjon av alt eg skulle snakke om. Det er ei god hjelp for mange å kunne lese samtidig som eg snakkar.

Dessuten er eg litt fornøgd med at eg fekk svært mange positive tilbakemeldingar. Dei syns det var lett å forstå meg når eg snakka, og meinte at eg snakka tydeleg og sakte nok til at dei kunne henge meg. Fint for sjølvtilliten å få positiv feedback;)

Det var fyrste dagen av ramadan i går, så mange av muslimane i salen var slitne/trøytte/svoltne... Enda godt eg ikkje er trenar for eit fotballag;)

No skal eg plukke litt bringebær og røre sylte! Det er snaddergodt.

3 kommentarer:

Vibekes lille ullne sa...

Her er ferien slutt, så kos deg med de siste dagene! Ser av innlegget under at jeg trenger å få opp strikketempoet atskillige hakk! Ha en fin helg og ferieslutt! :)

amylin sa...

Kos deg de siste dagene av ferien. Koselig med hyggelige tilbakemeldinger.

mimouna sa...

Så bra at foredraget ditt gikk greit. Og nyt de siste feriedagene! :o)