søndag 8. august 2010

Søndag på fjellet

Jepp, det vart ein tur ut i dag også:) Vi har vore ganske flinke til å dra på tur dei siste ferievekene. Med to jenter som eigentleg likar å vere ute, er det ganske greitt:)
I dag gjekk vi ein tur mot Melshornet, men vi hadde ikkje planar om å nå toppen. Då må minstemor vere att heime... I dag var ho nok litt redusert etter at ho var sjuk i forgårs, men ho gjekk jo ein del. Innimellom er det godt å ha pappa sine skuldrer å ri på.

Det var nesten for varmt i dag, ca 20 grader og totalt vindstille. Det er greitt med ein svalande bris på veg opp! På heimveg vart Prinsessa brått sliten og hadde vondt i hovudet. Det er ikkje vanleg! Ho måtte site på ryggen til mamma eit stykke nedover. I kveldinga fekk ho feber, truleg smitta av veslesystra.



Dei siste dagane har eg strikka eit par GRØNE sokkar, stort sett veskestrikk;) Godt å ha i bilen! Svigerinna mi fekk desse, sidan eg oppdaga at ho måtte stele mannen sine:) Desse er strikka i Viking Sportsragg.


1 kommentar:

Linda sa...

Kjedeleg med sjuke ungar. Men ein fin tursti de har. Då er det enkelt å finne vegen. God betring til ungane.