onsdag 1. september 2010

Det søte liv


Eg må fortelle litt meir om vikingmarknaden vi besøkte sist helg:) Det var ei hyggeleg oppleving, og litt for både små og store! Det gjer ikkje så mykje for mor å kjenne litt på plantefarga garn... Eg måtte berre ta med heim eitpar fristelsar: Honning og plantefarga garn...


Jentene fekk også sjå litt av korleis vikingane hadde det. Dei hadde gått litt lenger enn til byttehandel, så det gjekk an å bruke pengar... Og om du hadde nok pengar, kunne du få kjøpe både koppar og skåler, sydde klede, luer og diverse i nålebinding.
Det var også spennende å kjenne på ringbrynjer!

Vikingpølser var også mogleg å få teste. Berre gryta gjer at det smakar ekstra godt;)


Ingen kommentarer: