onsdag 15. september 2010

Stolt fotballmamma:)

I dag var eg på fotballcup i Ørsta saman med Prinsessa på 7 år og laget hennar. Det var ei våt oppleving.... Det har regna trollkjerringar i heile dag, og vi brukte ein god del tid på å kle oss før avreise;) Ull innerst er ein nødvendig ting i dag! Og det er berre ei veke sidan eg svetta på fjelltur, i shorts!

Fotball er ikkje det kjekkaste eg veit. Men det er faktisk ok å sjå på når småjentene spelar. Dei har hatt stor framgang sidan dei starta treningane i april/mai. Hittil har dei tapt alle kampar dei har spelt, men i dag VANN dei ein av kampane! Stor jubel:)

Litt kjedeleg at denne turneringa gjekk på ein onsdagskveld, det vart ein sein kveld før vi var heime igjen og ferdig dusja etc. Ikkje seint for mora, men for Prinsessa som skal ha skjønnheitssøvnen sin og skal opp på skule i morgon.... Det får nok gå bra for ein gongs skuld!

Elles håper eg at det snart er tomt i skyene. Det ser ikkje lovande ut, men håpet skal ingen ta frå meg. Ikkje yr.no eller pent.no heller!

Og på strikkefronten er det lite som skjer. Eit par nissedokker er snart påkledde. I alle fall nesten... Og eg må legge inn god tid til å montere plagga også;) Eg kjem tilbake med meir om det prosjektet!

1 kommentar:

Fru Keilegavlen sa...

Så kjekt med ein seier!! Gratulera til fotballjenta!!