mandag 4. oktober 2010

Haustroser?


Det har vore flott ver nokre dagar, og så litt regn igjen. Og i eit innfall gjorde eg ein liten innsats i hagen. Eg kjøpte nokre nye lyngplanter, eit haustkål og litt slikt, så det ser fornuftig ut utanfor døra nokre veker til... Snart vert det vel for kaldt til desse også.

I blomsterbedet er det framleis liv. Ein god del liv, faktisk! Eg plukka inn den siste greina på den minste rosebuska, og tenkte å sjå om roseknoppane vil sprette ut inne. Sidan det ikkje er så mykje anna enn knoppar enno, har eg pynta med litt haustfargar i samme vase. Då blir det haustroser, ikkje sant?

Elles minte Solveig meg på vinnarlykka mi:) Det er sant, eg har hatt flaks! Eg vann eit gåvekort på Trådkråa, der eg kjøper stort sett alt av tråd:) 500 kroner kan bli mange mjuke små nøste!

Ingen kommentarer: