onsdag 6. oktober 2010

Sterke husmortendensar

Eg leikar husmor av og til. For eksempel når eg kan ta fri ein dag eller to i haustferien:) Det er vel ikkje noko i vegen med innsatsen når eg kan skryte av 13 grovbrød på benken og nyvaska vindu i 1. etasje? Jentene var heime og ville gjerne hjelpe til. Eigentleg er det lettare å gjere sjøl, men sidan dei likar å "hjelpe" så må dei få lov!

I tillegg fekk jentene pannekaker til middag, før eg stilte som relativt ivrig fotballmamma på sidelinja på fotballtrening.
Så vart jentene putta i badekaret, medan eg støvsuga huset!

Skulle sjølvsagt hatt fotodokumentasjon av alt dette, men det vart ikkje knipsa noko i dag:)Hadde vel for mykje mjøl på fingrane...

7 kommentarer:

Elins Strikkeri sa...

Hei, ja det hørest jammen ut til at du har vore superhusmor!! Godt med heimebaka brød, kos deg videre i haustferien!!

tintin-44 sa...

Så flink du har vært!
Ingenting er så godt som nybakt brød. Ha en fortsatt fin høstferie!

Greta sa...

Høyres virkelig ut som dama har hatt energi og pågangsmot i går. skulle gjerne sett alle brøda og deg med støvsugeren, men vi får tru deg på ditt ord. Syns eg høyrer deg heie frem laget ditt da. :)

sol sa...

Blir nok noen husmorpoeng der, ja :) Nybakt brød er knallgodt, tror jeg må sette i gang et her også.

Mariann sa...

Du har jammen vore flink! Eg har hatt ferie heile veke og har ikkje gjort noko husarbeid nesten...

Smarie sa...

Superhusmor er betegnelsen som passer på deg ;o)) Flink du er ! Det er jo deilig når en har sånne dager også ;o)) Må innrømme at det er langt mellom de dagene her...!

medina sa...

Det er så herlig følelse når man har fått unna sånt husarbeid. Får liksom ro i sjela:)