torsdag 28. oktober 2010

Kvar vert dagane av?

Det er brått veldig nær helg igjen. Eg lurer av og til på kvar dagane vert av? Men eg ser jo at det skjer ein god del i løpet av ei veke, så då stemmer det sikkert. No har dei to siste vekene starta med ein sjukedag heime, eg håper det ikkje er ein trend! Prinsessa på 7 år var fyrst sjuk mandag for snart to veker sidan, og så vart ho jammen sjuk igjen søndagen etterpå! Og då gjorde ho det grundig, så ho måtte vere heime både mandag og tysdag. Heldigvis har vi den snillaste mormora i verda i nabohuset, så ho stilte som sjukepleiar tysdagen.

4 dagars arbeidsveke er ikkje så dumt, eigentleg. Kanskje det kunne blitt ein vane;)

Men det er nok litt annleis å ha fri, i staden for å vere heime med born som har vondt i magen og kastar opp....

Forrige helg var prinsessa på fotballturnering, gubben var på heimevernsøving, eg var på to konsertar og samla inn pengar til TV-aksjonen.
Komande helg skal vi ingenting.

Nydelig!!
Og eg trur Tigerpus også likar at vi er rolege;)


2 kommentarer:

Anonym sa...

veldig interessant, takk

marianne sa...

Hei! Fant bloggen din via en annen blogg og jeg måtte bare trykke på bilde av pusen din, den er så lik min pus!
Lurer på det samme som deg jeg, hvor blir egentlig dagene av??