fredag 22. oktober 2010

Litt tidleg?

Småfuglane veit at dette er for tidleg. Brøytemannskapet veit også at det er for tidleg. Det er nemleg ikkje gjort avtale om brøyting før 1. november, og det er mange dagar igjen til november.... Brøytebilane kom seg på vegane etterkvart, og det var godt. Og småfuglane kan leve godt på at Viktoriaplommene framleis heng på trea. Dei rakk nesten ikkje å bli modne i år, sidan snøen låg rekordtjukk og rekordlenge i vår. Alt vart litt forseinka, gjerne to veker etter "normalåret". Og så smell det til med rekordtidleg snø....
Ser du at småfuglane dekker nesten heile strengen på biletet over? Dei samlar seg, kanskje dei prøver å halde varmen? I kveld er det 3 minus ute, og eigentleg ganske vakkert.

Men treng det eigentleg vere så kvitt i oktober? Dette er ganske nøyaktig to månader før tida!


1 kommentar:

Sisselshverdag sa...

Hei der oppe i snøen :D Her snødde det et par cm i natt som stort sett har forsvunnet i løpet av dagen. Er rett og slett ikke klar for no vinter enda, føler at høsten knapt har begynt.....

Ha ei koselig helg :D