onsdag 20. oktober 2010

Nu går alt så meget bedre!

Jepp, ting ordnar seg for snille jenter. Og meg også;)

Eg har hatt stevnemøte med to hyggelege menn i dag, eller faktisk tre! To av dei var på samme legekontor, så det vart nesten som ein trekant. Legen tok ein kikk på handleddet mitt i dag, og i samråd med studenten kom dei fram til at det var noko som ikkje var heilt rett. Kanskje noko leddveske eller eit eller anna. I alle fall fekk eg betennelsesdempande tablettar, og syns at eg alt no er betre. Hurra!

Og etter jobb hadde eg eit kort stevnemøte med ein mann som reparerte kjølehjørnet vårt. Hurra igjen!

Så no kan det knapt bli betre:) Reint bortsett frå at eit lite lag snø gjer vegane usikre med sommardekk. Jaja, eg skal spasere til barnehagen og hente minstemor, og akkurat no er det sol! Så det kan faktisk nesten ikkje bli betre.

I kveld skal eg på konsert igjen. Meir om den seinare, skal du sjå.

1 kommentar:

Stubbetufsa sa...

fint at det skjer positive ting med ondter!
Klem til deg!