onsdag 20. oktober 2010

Perler er ein god ide!

I dag har eg vore flink jente og ikkje leita fram strikkepinnane. Men perler er smart! Då eg var i Oslo kjøpte eg nokre få pakkar med perler, og i dag var ein god dag å bruke dei. Det vart to armband, og eg er ikkje sikker på om eg skal ha sjøl eller om eg kanskje kjem til å gje vekk eit eller begge. Time will show!

Litt fine er dei vel;) Dei er tredde på elastisk smykketråd, så dei er enkle både å lage og bruke.

Det snør i dag! Med tanke på all snøen vi hadde sist vinter, syns eg kanskje at snøen kan vente litt i år. Men det er vel ikkje eg som kan bestemme slikt... Jaja, i oktober er det ganske trygt. Litt snø kan det kanskje bli, men så smeltar den vekk nesten like fort.
Det er deilig å fyre opp for fyrste gong. Ingenting gir så god varme som fyr i omnen. Og i tillegg blir det vel tildels for varmt, slik at vi blir varme og sløve;)Effekten blir litt som å drikke eit glas rødvin for min del.... Det skal ikkje meir til, så vert eg trøtt!

Pus likar også godt varmen frå omnen. Han legg seg gjerne rett framfor omnen og magasinerer opp varme til han skal ut.... Tenk om det hadde fungert slik:)

Ha ein fin dag!

3 kommentarer:

gyldenkron sa...

Så fine armbånd. Greit å ha noe annet å holde på med, når hånda ikke er god.

Judit sa...

Kjempefine armband! Og om du ikke trenger begge to er det jo snart jul......:-)

mimouna sa...

Kjekt med perler når man ikke kan strikke, fine armbånd. :o)

Jammen ble det kaldt ja, her laver snøen ned. Brrr!

God bedring med hånden!