torsdag 11. november 2010

Bananbollar:)


Eg har laga noko heilt nytt - for meg, i alle fall.

På kjøkenbenken min låg tre brunflekkete bananar, og dei blir ikkje etne her i huset. Vi vil ha bananane faste og gule, mine skal helst vere gulgrøne i endane...

Så kva gjer ein når bananar har gått ut på dato (vår dato, ikkje bananen sin)? Jau, då går ein i gang med å lage noko som dei kan puttast i. Mange har snakka varmt om banankake, men eg hadde høyrt nokon snakke om bananbollar. Så eg tok tak i Det søte liv og fann ei oppskrift på bananbollar. Den kan du også finne, dersom du klikkar her!
Bollane smakar litt banan, men ikkje for mykje. No fulgte eg oppskrifta slavisk, for det er viktig når ein skal teste noko nytt:) Det går an å blande ein banan i deigen i staden for to, eg ville ikkje prøvd med tre.

Men eg må fortelle kva som skjedde då eg hadde starta bakinga. Gjær, mjøl, smelta smør, rosiner og kardemomme var blanda lett saman. Og så snudde eg meg for å ta bananane på benken. Og så vart eg litt usikker. For bananane var borte! Medan eg var saman med minstemor på barneturn, hadde gubben rydda! Brune bananar er det ingen som vil ha, så då kastar vi dei.....

Eg ville absolutt teste denne oppskrifta, så her vart det to nye og gule bananar i deigen;)

3 kommentarer:

Vibekes lille ullne sa...

Så typisk! Tenk at han kastet bananene mens du bakte! Har aldri hørt om bananboller før, syntes det hørtes litt mystisk ut. Ha en fin helg! :)

Greta sa...

Har prøvd mange oppskrifter på banan kake men det vart ingen suksess i heimen. Så det vert nok ikkje banan boller heller. Men boller med banan på er godt det. Ha ei strålandes helg

Andrea sa...

Så utrolig spennende oppskrift, aldri prøvd noe slikt før. Det må nok prøves. Så morsomt å lese innleget ditt fordi tidligere i kveld så bestemte meg for at skal bake banankake i morgen, så kanskje burde prøve bananbollene sine istedenfor i morgen da, hehe. Ha en kjempe fin helg :)