onsdag 17. november 2010

Lys imot mørketida


No har eg kosa meg:) Og rota bittelitt...

Gjennom året vert det ganske mange restar av stearinlys, særleg når eg tek med dei som står litt for varmt i vinduskarmen og smeltar ut av fasong. I fjor hadde eg for fyrste gong eit forsøk på å støype lys. Det kan du lese om her.

I år var eg lur, og lånte ei stor panne som blir brukt til lysdypping på skulen. Eg lånte også med det karet stearinen er i, for då kunne eg smelte store mengder på ein gong. I fjor var det meir puslete, med hermetikkbokser som smeltekar.

I år har eg også besøkt Panduro og fått med meg fargestoff til lys. Så no har eg juleraude, mørkblå og lilla lys.
Det vart eit par Pringlesbokser i år også, men eg likte svært godt å støype i mjølkekartongar. Ypperleg!

Ei lita utfordring er det jo å vere tolmodig nok.... Når ein støyper lys i store former, vil stearinen ramle litt saman i midten under avkjøling. Då bør ein fylle på i mange omgangar, eller i det minste vere klar til å etterfylle krateret etter avkjøling. Det krev at du har litt ekstra stearin i rett farge, og tek deg bryderiet med å smelte dette igjen. Eg hadde ikkje tid til å gjere det med dei raude lysa, og dei er derfor litt pussige i fasongen. Men kva gjer vel det? Når eg tenner lysa, vil dei jo uansett lage god stemning i heimen:)

7 kommentarer:

Andrea sa...

Så fine lys du har støypet. Perfekt nå som jula nærmer seg. Altid så koselig om vinteren å tenne masse lys inn når er mørkt og kaldt ute. Panduro har jo det meste, så vart virkelig fine lys! Ha en fortsatt fin kveld :)

Maria sa...

Så stilig.

Hilsen Bodil F.T. sa...

Dette så gøy ut!

Strikkebesta sa...

Flotte lys! Eg synes det vart veldig stilig med krater i dei raude lysa og absolutt ikkje merkeleg!

Frau Putz sa...

Sikke nogle fine lys - og så smukke julefarver :)

Jeg synes det var vældig smart, at du lånte dig til udstyret i år. Jeg har selv en gammel gryde (kjele?), som jeg kun bruger til lys, for det er jo ikke det letteste i verden at gøre den ordentligt ren bagefter. Dækker ned med gamle aviser - men alligevel bliver der jo en frygtelig masse rengøring...

I år har jeg ikke støbt lys - endnu - men jeg har samlet en stor mængde lys-stumper, så der bliver nok til nogle store lys, når jeg endelig kommer i gang.

Klem fra Karina

solveig sa...

Skikkelig artig! Her fekk ungane bruke lysstumpar til snølykter før, men den tida er vel over, så ...

Vibekes lille grønne sa...

Kjempefine lys du har laget! De ser helt proffe ut med så fine farger og fasonger. Praktisk å kunne låne utstyr og flott med gjenbruk. Kos deg med lysene fremover, eller kanskje det blir julegaver? :)