søndag 28. november 2010

No tenner vi det første lys


Det er plutselig fyrste søndag i advent:) Det er fint, eigentleg!

I går var eg på storshopping på Moa, og eg er ganske roleg i dag. Det var ein fin dag i går også, ikkje så mykje folk som eg hadde frykta, og eg fekk kjøpt mange julegåver. Flott å ha ein dag åleine slik, med liste over gåver som eg kunne sjekke av og til. Og det er ikkje dumt å ha pause med god mat heller. No er eg ikkje ferdig med alle gåvene, men jammen er det ikkje så mange att heller. Det kan vi like.

Det er beinkaldt i Noreg for tida, også her. Så vi måtte på Grimstadvatnet og gå på skøyter i dag også. Det var ein kald fornøyelse, men så lenge ein ikkje står stille er det jo kjekt. Kakao på termos er også ei god hjelp!

Når ein kjem inn att etter eit par timar ute i -10 er det godt å ha mykje ved;) Det er herleg å fyre så vi kjenner varmen spreie seg i kropp og sjel. Jentene reagerte heilt ulikt. Eldstejenta på 7 gjekk resten av dagen med strikka bukse, gensar og sokkar på seg, utanpå standard ullskjorte og ull-longs. Minstemor på 4 kasta alt utanom ull-longsen.... Barbeint og med bar overkropp, ho syns det var så deilig å vere varm utan masse klede.

Elles har eg strikka ei lue til, gitt! Nr 7 i rekka etter at eg starta luegalskapen...Dette er ei til med samme mønster som dei forrige, men denne er strikka av lilla Freestyle. Eg veit ikkje heilt kven som skal få denne. Lurer på å ta den med til ein kollega, kanskje ho treng ei lue?

4 kommentarer:

mimouna sa...

Her var det lilla i dag ja, ingen tvil om at du har startet på adventen. ;o)

Fin lue du har strikket. Og jammen er det godt å komme inn igjen i varmen etter en tur ut nå ja. Skikkelig kaldt, brrr!

Ha en fin uke!

Greta sa...

Lilla er ein fin farge. Blir litt meir lilla her og etterkvart, men er litt seint ute i år med slikt. det er så mye program denne uken. Så eg har igrunnen tenkt å strte med julepynting og slikt over helga att.
fin lue og du kan vel ha den sjølv. Ser da ut som den passer deg :0).
Så kjekt at du fikk ein kosleig dag på Moa. Moahandel skal vere kjekke.
Ha ei flott førjuluke, kjære sunnmøring

Vibekes lille grønne sa...

Så fin adventssteming det var blitt i bloggen din! Fin lue, jeg har også lyst på lilla adventslue :)

tintin-44 sa...

Så mange fine luer du har laga i det siste. Har fulgt med på bloggen din selv om jeg ikke har fått blogga selv. Nyt tida på skøyteisen, har mange flotte minner derifra selv:) Ha ei fin uke!