fredag 26. november 2010

Samlar krefter til storhandel

Eg sit i sofaen, det er 6 minus ute og mange-og-tjue inne framfor vedomnen. Det er frykteig godt å ha tilgang til mykje ved i desse dagar! Eg har vore på trening (Zumba) i kveld, og sendt Musikanten tilbake til Tigerstaden. Så kva skal eg planlegge no?

Jauda, ein dag på Moa, det store kjøpesenteret i Ålesund. Det er ein sjølvmordsoperasjon, men dersom ein tek turen åleine er det nesten morsomt. Å prøve å gå på store senter i førjulstida er nesten uråd ilag med andre. Og med barnevogn er det utelukka!

Men dersom eg overlet jentene og pappaen til seg sjølv, kan eg ta med meg julegåvelista mi og prøve å vere effektiv. Eg har ikkje kome i mål med planlegginga, så eg veit ikkje kva alle skal få enno. Men eg har i alle fall nokre planar... Og eg likar å få på plass det eg kan!

Det er fyrste søndag i advent no på søndag, så eg skal leite fram adventslysa og overtale gubben til å henge opp adventsstjerna. Den heng så høgt at han må klatre i stige inne!

I morgon skal vi få gjort såååå mykje! Og kanskje ein tur på isen for dei tre som ikkje likar å dra på shopping? Dette må ein samle krefter til!

Så no hentar eg eit glas vin, legg ein vedkubbe i omnen, legg beina i sofaen og tek fram strikkepinnane. Livet er fint:)

4 kommentarer:

Annika sa...

Høres ut som ein god plan å samle krefter til ei shoppingrunde ja. Moa i desse tider er for klaustrofobisk for meg - iallfall på ein laurdag! Satsa på å få unna gåvene på øya i staden... God helg, og god advent! :)

solveig sa...

Eg bruker å seie at det foregår mykje barnemishandlig på Moa om laurdagane. Misforstå meg rett. Skal ungane vere med, bør det vere på deira premissar, og då vert lite utretta. Lett å lokke dei til å vere heime når dei veit at dei som er med ikkje vert kjøpt gåver til ...

Greta sa...

Hei. det kan godt hende at det er ille å ha med unger på storhandel ein laurdag. Men for voksne å ha ein heil dag på Moa må vere supert. I alle fall viss du har penger eller kort med masse penger på. Har lyst til det neste år. Men det er vel litt forskjell på kose handling som eg kan gjere når eg er der og julehandel for deg. Lykke til. Klem

Kranmajola sa...

Lykke til :) Jeg var på julebord i går, men hadde vett til å komme meg hjem i rimelig tid... så nå er jeg snart klar for Stoff og Stil tur til Drammen sammen med to lærerkollegaer (om de kommer seg opp da :)). Etterpå lurer jeg på om jeg skal pynte klasserommet mitt...I kveld er det jubileumskonsert med korpset- datteren min skal ha mange soloinnslag på flügelhorn..så det blir spennende. GO HELG kos deg på MOA!