søndag 7. november 2010

Tapas!

Eg har imponert meg sjølv, og eg sørga for å invitere ei syster og ein svoger så dei kunne bli litt imponert også;)
 

Dette har eg aldri gjort før, men eg fekk så lyst til å prøve å lage desse supersalte småpotetene, og då måtte eg prøve litt anna i tillegg.

Det vart spekeskinke, marinert scampi, salat, loff, kyllingbitar, oliven, og saltkokte minipoteter. Faktisk vart det godt;) Og i dag hadde vi restar frå gårsdagen til middag. Enkelt og godt!

Vart du nysgjerrig på desse minipotetene? Eg kjøpte Amandine-poteter, for dei er små nok. Og så kokte eg dei som vanleg, med unntak av at det var like mykje grovsalt som vatn i gryta. Etter koking, helte eg vatnet av og lot potene dampe av litt restfuktigheit. Og då vart dei kvite av alt saltet! Og veldig gode, syns eg:)

Det går an å ete dei både kalde og varme.

Posted by Picasa

2 kommentarer:

Torilh sa...

Sånne poteter vil jeg også prøve !!!

AnnetteK sa...

Nam-nam!! Dette så utrolig deilig ut :)