onsdag 15. desember 2010

15.desember

Det er kort tid att til jul! I dag hadde vi juleavslutning for 2.klassene ved skulen, og Prinsessa mi var ein av mange søte og sjarmerande englar/Lucia-er. Klassene samarbeidde flott og hadde eit fint program, og etter songen fekk vi gløgg og peparkaker, og laga rekordlang julelenke. Du kan sjå litt av den i hendene til Prinsessa og venninna hennar, og på veggen bak er litt til hengt opp. Det vart fleire runder på veggane;)
Elles er det framleis nokre dagar att til det er tomt i korga med adventskalenderpakkar frå Briti. Eg gler meg kvar dag:) I dag fann eg ein snømann-klut:) Og garn, oppskrift og ei oppfordring om at strikke ein klut sjølv også! Jammen fekk eg ei søt lita såpe også. Det er ikkje ende på godsakene!
I dag har eg forresten blitt omvendt. Eg fekk passe tantebarnet på 1 år ( i dag, hurra for deg!) nokre timar, og då ho skulle sove, var det greitt å ta ein ørliten tur med vogna. Reint bortsett frå at det er glasert ute i dag, vegane er stort sett dekte av is, med regnvatn på toppen. Det fins ikkje noko glattare her i verda! Mormora sine broddar låg ved sida av vogna, og eg kom til at det var verdt eit forsøk. Ok, eg er ikkje 40 enno, og det er litt gamledamefaktor over broddar på glatt føre... Men hjelpe meg, eg er overbevist!
Det var ei fantastisk oppleving å gå trygt og relativt kjapt, sjølv om vegen var godt egna til beinbrot. Så no er det nye på ønskelista mi BRODDAR! Desse var ikkje så store at det var dumt å gå med dei, berre som piggar i piggdekka. Det er jo det vi treng;)

Eg måtte jo le litt då eg las at systra mi reknar med å ikkje få bilen opp på vegen igjen, etter å ha sklidd heile vegen ned vegen til huset. Det seier litt om kor glatt det har vore i dag!

Men no snør det, og det skal bli kaldt i løpet av kort tid:)



Posted by Picasa

6 kommentarer:

solveig sa...

Eg høyrde på radioen at unge folk, nærare bestemt 30-åringar har begynt å bruke broddar, så du er heilt in!

Systa sa...

Ja du kan flire du! Men ej seila rett og slett rett ned veien, takk og lov for at det va bart nederst.(Viss ikkje hadde det gått hardt utover garasja) heheh

Systa sa...

Ej kom mej forresten opp igjen i dag ;)

Greta sa...

Eg har og funne ut at det ikkje er berre for gamle damer å gå emd brodder. det er faktisk eit spørsmål om å kunne gå ut eller ikkje. Praktisk er det .0).
Kjekt med slike juleavslutninger. Det var en gang det og. klem

Vibekes lille ullne sa...

Koselig med Lucia-feiring på skolen! Jeg savner det etter at ungene er blitt for store!

Brodder er lurt, men vanskelig å bruke pga gammeldamefaktoren. Kanskje jeg skal finne fram mine også som ligger gjemt i et skap?

Ha en fortsatt fin førjulsuke! :)

mimouna sa...

Søte jenter, og kjekke pakker du har fått. :o)

Jeg bruker også brodder, heller det enn å brekke både armer og bein. Skumelt glatt ute nå, og her er det is under nysnøen.