søndag 5. desember 2010

2.søndag i advent med den nydelegaste julesongen som fins

Eg er så glad i denne: Deilig er jorden, her med Sissel Kyrkjebø.
Det er kjekt å ha sin eigen adventskalender, og eg vert stadig mållaus over dei flotte pakkane eg får! I går fekk eg ein eplepyjamas;) Eller noko slikt. For berre eit par dagar sidan, prøvde eg å forklare til ein kollega korleis dette skulle fungere. Eg har aldri prøvd å strikke ein slik, men no slepp eg;) Og dessuten fekk eg oppskrifta om eg skulle få lyst på fleire!
I dag fekk eg oppskrifta på ei kake med krydder, og sjølvsagt sender Briti med krydder også;) I tillegg til ei lita sølvbjelle som kanskje kan henge på treet, eller halde på plass eit bordkort.

Eg har strikka ei lue til. Bombe! Denne er strikka i Sterk, eit mjukt og varmt garn. To rett og to vrang. Enkelt og greitt. Kanskje til ein mann??

2 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Nydelig julesang! Koselig julepynt,og ikke minst: deilig varm lue!!!

sol sa...

Pakkekalender er gøy!