mandag 6. desember 2010

Søtgrøtdag:)

Ser du ikkje på Jul på Månetoppen? I så fall går du glipp av litt av det beste med adventstida... Ikkje fordi akkurat denne serien er den beste som nokon gong er produsert, men fordi det er noko med konseptet adventskalender som høyrer med i tida før jul;)I dag er det altså søtgrøtdagen.

Det er like morsomt kvar dag, å leite etter rett pakke, og glede seg til å opne den. I dag fann eg den søtaste refleksen eg har sett! Denne skal eg ha på jakka mi, og så degraderer eg den refleksen eg har der frå før;)

Elles har eg strikka ei lue. Til.

Denne er kanskje til ei dame eg kjenner, mor til ei av minstejenta sine perlevener. Ho skal få lov til å vurdere den, i alle fall;)
Lua er strikka av Finull og Plumet, og er kraftig moderert i forhold til oppskrifta i eit hefte frå Rauma... Meir moderert enn eg hadde tenkt, men eg strikka feil, og så gjekk eg berre vidare med å strikke feil. Det kan bli bra likevel!
Dette er forresten lue nr 9, og alt eg lova var 10 luer på 10 veker... Eg har berre brukt vel 5 veker på dei 9, så eg har goooood tid på den siste:)


2 kommentarer:

Maria sa...

Den lua der likte jeg godt.Du får bruke tiden godt på den siste lua nå da;-)

Greta sa...

Eg er så enig med deg. Jul på månetoppen eller ein annan adventsserie, det hører med. Ellers blir det ikkje jul. gleder emg til kl 6 kvar dag eg :0).

Fin lue også. Det må bli ei langnisse lue den siste da, siden du har så god tid på den. Ha ei fortsatt fin uke