lørdag 18. desember 2010

Driving home for Christmas

Det er ikkje eg som er på veg heim, men Musikanten:) Han sit no på nattbussen, og i morgon formiddag (dvs om nokre få timar...) er han heime på juleferie!

Vi har to dagar att på skulen, så har vi ferie der også. Nokre fordelar skal ein ha, når ein har 80% stilling på ein skule;) Litt avspasering, nokre feriedagar, og vips: Ein herleg lang ferie.
På skulen har vi også hatt adventskalender, og eg var så heldig å få denne pakken du ser under her.

Hekla stjerner og hjerte, godt stiva og faktisk limte saman. Om du vil ha slike utan å hekle, går det an å finne dei på Kid:) Eg syns dei er nydelege!

I adventskalenderen frå Brit finn eg også mange flotte gåver. Her er pakke nr. 16, to nøste pt2 og oppskrift på strikka julekuler:)
Pakke nr 17 inneheldt ei kjempesøt nålepute, og ei oppskrift på korleis eg kan lage slike. I tillegg fekk eg også ein pakke synåler, det matchar jo bra til nåleputa!
Og her er pakke nr 18. Oppskrift på ei fristande adventskringle, og ein pakke serviettar. Kjekt å ha:) I dag har eg handla litt blomster, to julestjerner og ein amaryllis. Det høyrer sjølvsagt med! Eg må ha raude blomster til jul, elles er det noko vesentleg som manglar.



5 kommentarer:

Kisen på Hareid :D (JR) sa...

Erke du litt gammale til blogg? :)

Greta sa...

Elstemann som er 10 år eldre enn din elstemann kommer også heim til jul i morra. Evig student. det blir kjekt med julebesøk. Lillejulaften kommer den yngste. ho og samboer feirer kvar for seg føreløpig.
fine adventspakker. Ha ei fin helg

byLivA sa...

Nydelige hjerter og stjerner du har hekla!

Anlen sa...

Må berre svare sjølv her:) NEI, eg er ikkje litt for gammal til å blogge, Jr! Det er leeeenge til eg er for gammal til noko som helst. Og eg var på facebook lenge før dei fleste andre, eg nektar å vere for gammal;)

Og så har eg ikkje hekla hjerta og stjernene sjølv, men det står jo i innlegget også...

mimouna sa...

Fine heklete hjerter og stjerner. Har ikke sett slike doble før.

Kjekt at musikanten er på vei hjem, godt å samle familien. Håper dere får noen fine dager sammen. :o)