fredag 24. desember 2010

...for nå er det endelig jul

No er det snart leggetid i heimen, for elles klarer eg ikkje å stå opp i morgon;) Men det er så deilig at eg er klar til jul! Huset er reint, karamellpuddingen er nettopp ferdig, mat i store mengder er på plass, både i frysar, kjøleskap og kjøkenskap elles. Og i dag har vi pynta huset og treet, så no kan jula berre kome.

I dag har vi feira farmor/oldemor som fyller 97 år, og det er heilt standard tradisjon at det skal feirast sjølv om det er mykje anna som skal ordnast i desse dagar. Eg dristar meg til å legge ut bilete av henne, ho er verdas beste farmor:) Og så bur ho heime saman med farfar (94 år) enno!


No går det fort mot slutten av den fantastiske adventskalenderen frå Brit. Og så har eg ikkje vist fram dei siste pakkane etterkvart. Rart det der, det skjer litt anna også av og til...

Her er papirstjerner og nostalgisk fyrstikkøske frå 21.desember

Og 22.desember fekk eg bok til å notere lure tips til meg sjølv for neste jul, og eit griseflax-lodd. Dessverre ikkje gevinst på loddet;) Innerst i pakken var det også peppermyntestenger!

23.desember: Ein nydeleg engel til å henge på treet, og ein sjarmerande nisse, som også fekk plass i juletreet. Det er så fint med juletre, det er rom for alle der! Alle skal få bli med i mitt tre:)

Sidan det no er over midnatt, og truleg lite tid til å blogge om kalendergåver i morgon, viser eg fram kva eg fann i den aller siste kalenderpakken min. Og Brit held fram med å imponere!
Ein glas-engel til å henge på juletreet, den er rett og slett vakker.

Og sjå her: To nøster Noro Kueryon, som eg diggar! Eg har tidlegare strikka og tova ei hue, og strikka ein gensar til prinsessa i dette garnet. Men eg trur kanskje eg skal følge Brit sitt forslag om tova vottar av desse to. Det må bli bra! Fargane er herlege:)
Kva står att då?

Jau, å ynskje alle som kjem innom ei god og fredfull jul!

Eg kjem nok tilbake med meir etterkvart, men sidan vi skal ha gjestar i morgon, reknar eg med at eg ikkje kan sette meg ned med pc-en og vere usosial...

Kos deg der du er!!

6 kommentarer:

Linda sa...

God jul til deg og. Mykje fint du har fått i kalendaren din.

Greta sa...

Da vil eg ønske deg ei hjertelig jul for deg og dine. håper det blir som du ønsker.
Så sprek og flott farmor du har. Det er ikkje dårlig å klare å bo heime saman i den aldren.
Avslutter med å sende hein julkem til sunnmøre

Hilsen Bodil F.T. sa...

Så koselig adventskalender da! Mange flotte ting i den!

Gratulerer med overstått til farmor, som ser veldig sprek ut på bildet!!!

God Jul!

trinemamma sa...

Ha en riktig god og kreativ jul :-)

solveig sa...

Besteforeldra dine må vere Hareids eldste ektepar?
God jul til alle dykk!

Vibekes lille grønne sa...

God jul! :)