lørdag 25. desember 2010

God jul!!

Eg har hatt ein flott dag saman med familien på julafta i år:) Svoger og svigerinne var på besøk og delte middagen hos oss, og det var koseleg med litt fleire gjestar. Men eg er for så vidt fornøgd med antalet som skal pakke opp gåver og ha eit snev av kontroll over gjevar og mottakar... Det er ikkje lett å ha styringa heile tida! Gullungen syns det var stas å hjelpe med å både leite opp pakkar og gjerne opne dei;)
Her er nokre glimt frå julestemninga i heimen.
Musikanten spelte under gudstenestene i dag, og vi var der sjølvsagt og fekk med oss litt ekstra julestemning. Eg trur det var rekordkaldt i dag, utanfor kyrkja var det 14 kalde grader. Det var godt å kome heim til vedomnen igjen:)

Elles har eg strikka ei lue til. Denne er strikka av ein tråd pt5 og ein tråd KidSilk. Eg anar ikkje kven denne kan vere til, den er ganske stor. Eg er ikkje heilt roooosa, så det må bli nokon andre som tek ansvaret for denne.

3 kommentarer:

Sisselshverdag sa...

Har akkurat snakka med familien i Ulsteinvik og hører at dere har et fantastisk julevær. i år er det eventyrlig her også, flott når det er nesten samme vær i hele Norge.

Ønsker deg og dine en flott romjul, kos dere og lad opp til et nytt år :D

Anonym sa...

Heisann. Innom med ein liten jule-og nyttårsklem :)
Ronille

my little scrapping corner sa...

så flott lue du har strikket :)