Eg likar pakkar! No får eg pakke kvar dag, frå Brit sin fantastiske adventskalender, og i dag fekk eg enda ein pakke! Totalt utan hint, så det blir vanskeleg å sende takk i rett retning enno. Men eg går ut frå at dette er frå min hemmelege venn i julerunda på Hobbyboden. Eg forstår logikken i at denne pakken ikkje kunne pakkast inn som ei julegåve, for den inneheldt ein adventskalendar;) Dei fungerer best før jul! I tilegg fekk eg deilig garn, som to jenter nesten var klar til å adoptere straks. To nøste Kid-Silk og to nøste alpakka, i ein ganske sterk rosafarge. Ei oppskrift på ei lue fulgte også med. Så no har eg alle sjansar til å strikke lue nr 10!
I adventskalenderpakken merka med nr 8, fann eg deilig julete, med spennende kryddersmak.
I pakke nr 9 fekk eg meir garn:) Me like! Fire nøste Østlandsgarn i to ulike lillafargar, med forslag om at dette kunne bli vottar i adventsfargar. Det er eit godt forslag!
5 kommentarer:
Ååå, så heldig du er. Flotte gaver. Ha en fin førjulstid
Fine gaver! Garn i nydelige farger er alltid velkomment! :)
Kjempeflotte gåver du har fått!! Nydeleg! Kid Silk garnet har eg aldri prøvd. Spennande.
Kjempeflotte gåver du har fått!! Nydeleg! Kid Silk garnet har eg aldri prøvd. Spennande.
Her var det mye snadder! Spennende når det ikke finnes noen hint til hvem avsenderen er da.
Ha en god helg! :o)
Legg inn en kommentar