lørdag 11. desember 2010

Helg igjen:)

Jepp. Det er snart 3.søndag i advent, og vi har hatt ein fin laurdag. I går vart kvelden brukt til julebord for gubben, og eg laga småkaker og denslags. I dag vart det "fredagsvask" på ein laurdag, og så feira vi yngste tantebarnet som straks fyller 1 år. Ho er sååå sjarmerande, og ho veit det;) I dag hadde ho fleire glansnummer som vakte latter og begeistring i tante/besteforeldreflokken. Mellom anna når ho ynskjer oppmerksomheit, og tek til å krype i sirkel på golvet, omtrent som ein hund som jaktar på halen sin.... Eller blikket når ho får på seg dokka si lue, og veit at dette var morsomt for nokre minutt sidan. Ho strålar og gliser, og gjer eit lite kast med hovudet. Suksess;)
Ho har ei stor svakheit for hår, særleg mora sitt, sjølvsagt. Men også Gullungen min har hår som er kjekt å kose med.
Adventskalendaren min er framleis spennande kvar dag:) I går fekk eg eit oppskriftshefte med juleoppskrifter. Mykje fint der!


Og i dag fekk eg ei familieoppskrift på kvite kakemenn, vi kallar det julemanna her. Eg ser at oppskrifta er litt annleis enn den eg har brukt, kanskje verdt eit forsøk:) I pakken fekk eg også ei hjarteform, ei boks hjortetakksalt og tre smånissar av sjokolade. Nam!

3 kommentarer:

Greta sa...

Herligt innlegg. Du skriv så levende at eg føler eg er med på festen og ser den lille søker oppmerksomhet.
Håper du får ein fin søndag i morra. klem fra ein utflytta sunnmøring

Trines hobby sa...

Hei fin blogg du har. Kjekt å finne andre sunnmøringar inne i blogglandia! Ha ei fin adventstid.
Trine

Judit sa...

Heisann, en stund siden jeg var innom nå, men jeg ser at du er godt igang med julestria:-)Så spennende med egen adventskalender, med mye fint i.
Ha en fortsatt fin advent!! Jeg kommer oppover 22. des, så vi sees sikkert før jul.
Klem, klem:-)