søndag 19. desember 2010

Jammen er eg heldig!


Eg trur eg er inne i ei heldig periode. Kanskje:) Eg vann ikkje det store gratislotteriet til butikkane i dag, med gåver verdt ca 7500 kr. Men eg fekk ein flott pakke i postkassa mi! Akkurat perfekt til meg. Eigentleg var det sikkert mykje eg ikkje hadde bruk for i den andre gevinsten, men denne pakken får eg bruk for:)

Soline hadde ei jubileumstrekning i bloggen sin, og eg vart trekt ut som ein av to vinnarar. I dag auka garnlageret mitt kraftig! Fem nøster Eskimo, tre nøster Ullteppegarn, to nøster Merino, eit nøste Tynn alpakka. Dette blir mykje deilig, det er garantert! Tusen takk, Soline!


Elles vart eg ferdig med nokre julegåver i dag. Desse to para er til ei svigerinne og ein svoger. Det største paret er til mannen, det er strikka av RaggeYarn frå Schachenmayr. Det andre paret skal passe til dama i huset og er strikka i pt5. Eg er spent på om dei passar... Mannen vil ha korte sokkar, eg syns desse er ganske korte?


4 kommentarer:

Greta sa...

Flott gave til deg ja, den ville eg og hatt :).
Flotte sokker. Ha ein fin søndag

LilleAsk sa...

Grattis med garngaven. Det er bedre med gevinster man får bruk for enn gevinster man ikke har så stor bruk for. Kos deg med garnet.

mimouna sa...

Så kjekt! Mye deilig garn der ja.

Fine sokker også. :o)

amylin sa...

Fine sokker og gratulerer med flott gevinst.