onsdag 8. desember 2010

Når en pepperkakebaker baker pepperbakekaker

Jepp, i dag var det pepperkakebaking på gang:) Jentene fekk former og minikjevle i kalendaren, og det måtte jo testast... Dei var kjempeflinke, og veldig ivrige!
Oppskrifta er kjempegod, eg trur det er Morten Schakenda si oppskrift. Eg klipte den ut frå ei avis for eit år eller to sidan. Kok opp sirup, sukker og smør- det liknar veldig på starten på karamellkoking, ikkje sant? Det smakar karamell av pepperkakene også:)
I gamle dagar, då eg var lita, hadde vi nokre standard former. No finn eg stadig nye, spennende former. Vi har kaniner, hund, bamse, baby, elefant.... Og ein haug til:)
Nam!!!

Og no kjem det store spørsmålet. Jentene har kosa seg med melis og nonstop. Men mora kom ikkje på at melisglasuren burde blandast ut med eggekvite, så her vart det vatn i staden. Tabbe... Dei sprø pepperkakene blir sikkert mjuke fordi melisglasuren aldri tørkar... Jaja, det kan jo hende at det fungerer. Dei får ligge leeeenge til tørking!




5 kommentarer:

solveig sa...

Eg hadde skrive ein liten kommentar utan å sjå at den vart Olaug sin ... Flinke bakarar!

Greta sa...

Går sikkert bra. med melisglasuren altså. Slik bakst er det ikkje her i huset. Ingensmå å bake med. I alle fall ikkje i år. Kanskje vi kan låne småjentene så lenge ein annan gong. Men det er litt verre no når elstejenta har begynt på skulen.
kos med førjulsaktiviteter

Tove sin strikkeside sa...

Flotte pepperkaker.. Om de blir myke, kan jeg garantere at de får ben å gå på.
Jeg slipper å bake pepperkaker, for Johan sendte sms og sa det skulle han gjøre.

Linda sa...

For noken flotte pepperkaker. Godt med masse pynt på.

Frau Putz sa...

Fine peberkager.
Vi har planer om at bage på lørdag - og så håber jeg, at de bliver lige så fine som jeres :)

Klem fra
Karina