søndag 19. desember 2010

No vart eg imponert!

Eg blir så imponert over gåvene eg får frå Brit! I dag fekk eg ein cd som ho sjølv har vore med på å spele inn. Sidan ho kjem frå Frøya, og vi har ei jente som heiter Frøya, vart det ei jente som var ekstra oppmerksom då vi opna pakken:) CD-en er ein del av eit prosjekt for å bevare Sauøya i Froan som eit levande samfunn, og bevaring av Froan kapell. Eg ser at Brit er ein av eldsjelene bak Kulturstiftelsen Sauøya. Eg er rett og slett storleg imponert, og skal høyre meir på cd-en i ro og fred. Nydeleg!

Og som om det ikkje var nok å sende meg ein CD, så fylgde det jammen med ein nydeleg liten julepynt-engel også. Dette er fantastisk:) Tusen takk, Brit! Eg skal ta med meg familien og besøke Frøya ein gong, og då skal eg sjekke opp Sauøya også:)


1 kommentar:

Sidselsidserk sa...

Kikker innom bare for å ønske deg ei riktig GOD JUL.
Du har hatt vinnerlykke i det siste - det er deg vel undt:-)

Kos deg og nyt julehøytiden.