fredag 31. desember 2010

Siste innspurt i 2010!

Eg har fullført samtlege strikkeprosjekt i 2010! Det er nesten fristande å ikkje starte på noko nytt i kveld;) Men det kjem eg nok til å gjere likevel...
Nyttårsrakettene har så vidt starta å smelle utanfor, men vi er nokså nyleg ferdige med middagen og skal slappe av litt før vi vågar oss ut i vinden og regnet. Det er rett og slett ikkje triveleg ver ute i dag, og det er kanskje ikkje heilt smart å sende opp fyrverkeri.

No har eg endeleg gjort ferdig ein tunika/lang genser til Prinsessa. Eg starta på den i oktober, men vart lei... Så kom eg på at det ville sjå bra ut å gjere den ferdig same år som eg starta;)

Oppskrifta fann eg i eit blad, og eg har brukt samme garn og fargar som i oppskrifta. Sisu er ikkje så dumt, eigentleg.

Og så må eg strikke nokre luer... Denne vart strikka i går, då var vi fyrst på besøk hos ein svoger med familie, og etterpå hadde vi besøk med film heime. Faktisk tredje filmkveld på tre dagar:) Fyrst såg vi Salt, med Angelina Jolie, og så har vi sett film nr 2 og 3 i Millenium-serien, Stieg Larsson sine bøker. Tre dagar med to sterke damer på film, om enn litt ulik stil. No snakka eg meg vekk. Det var lua eg skulle fortelle om: Den er strikka i Freestyle, etter innfallsmetoden igjen. Den er passe til eit barn, kanskje alderen 9-12 år? Prinsessa har nok luer, så dette vert vel ei lue som får ligge litt på vent. Kven veit, kanskje nokon treng ei slik?

Den neste lua er strikka på bestilling. Ein kollega har bestilt denne, både farge og type, og eg har prøvd å etterkome ynskjet. Håper den vart slik ho såg den for seg! Eg brukte Freestyle på denne også.

No er det kun få timar att av 2010. Kanskje blir det ei oppsummering i morgon?

Eg vil ynskje alle eit godt nytt år! Håper 2011 vert fantastisk!!

3 kommentarer:

Stubbetufsa sa...

Godt nytt år til deg og, Anlen!

Greta sa...

Godt nyttår til deg. Nydelig tunika/langgenser. Klart den måtte verte ferdig i år. Luene var stilige begge to. eg må finne meg ei fin oppskrift på ei litt tynn lue, som er litt posete. Får vel leite litt sikkert.
Håper du ahr hatt ein fin kveld og at neste året vert supert for deg og dine. Nyttårsklem fra Greta

Strikkebesta sa...

Godt nytt år til deg:) Det er ganske imponerande å bli ferdig med alle strikkeprosjekt du har begynt på i året som gjekk, den klarer ikkje eg å "matche". Flott tunika, kanskje noko å tenkje på for meg også, eg har ei lita ei i Oslo som faktisk brukar det eg strikkar. Fine huer også:)