søndag 9. januar 2011

Å gje etter for freistingar

Eg er lett å friste. Det gjeld nok særleg for sjokolade, kjeks, potetgull, peanøtter, søte saker av alle slag... Men i kveld fekk eg lyst på knekkebrød.

Så då måtte eg lage grove knekkebrød, for det var det eg hadde lyst på:)

Den beste kvitosten i verda må vere "juleosten" Edamer, og det beste smøret er heilt sikkert Bremykt. Med nysteikte knekkebrød med smør og kvitost er livet lett.

Oppskrifta har eg lagt ut tidlegare: Her kan du finne den. Men no har eg bytta ut valnøtter med graskarkjerner, det er enda betre. Og den fyrste gongen eg laga knekkebrøda brukte eg kjøkenmaskin. Det gjer eg ikkje lenger, eg berre rører lett saman.

1 kommentar:

Greta sa...

Hei. Ja desse fristelsene er berre supre. til mine steikebrett og ovn fann eg ut at dei vart fortjukke. så eg har no en dl mindre av rug og havregryn. Da vert dei ganske så perfekte. Eg har dei støtt eg. Prøver å la vere å spise anna brødmat. Dei er jo så gode. Spes nysteikte da. Ha ein fin dag