tirsdag 25. januar 2011

Hjelp, det veks i prosjektkorga!

Eg var så tøff i trynet då vi gjekk inn i det nye året. Og så tek det tre veker før kaoset er komplett...

No held eg på med ei jakke til meg sjølv, det er ikkje mykje igjen på den, i tillegg har eg eit skjerf på gang, har lova å strikke ei lue til ein kollega, og har starta på ein vest til eldstejenta. Og så vil minstemor at eg skal strikke ein tunika til henne. Og gubben har nettopp kasta eit par sokkar fordi det var hol på dei. Nye snart? Jepp, det er vel slik det skal vere... Eg må snart bli ferdig med noko av dette! For eksempel jakka, den er eg spent på!

Dessutan har eg tenkt at eg burde strikke noko til ei hyggeleg dame eg kjenner. Ho gav meg eit spekekjøtlår, fordi dei hadde fått det, og ikkje er så glade i slikt. Men pengar skulle ho ikkje ha. Så då tenkte eg at kanskje eit eller anna heimelaga kunne vere koseleg. Problemet er berre å kome fram i køen....

4 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

kjekt å høre at det er flere enn meg som har mange ting i sving på en gang. Kos deg med hver ting. La det ikke bli stress

Greta sa...

Velkommen i klubben "1000 prosjekter i gangen" :0). Strikk på det du føler for til ein kvar tid. Ikkje det du syns du bør. Det er mitt motto. Ikkje alltid like lett å holde men men. Ha ein fin dag

Smarie sa...

Hørtes kjent ut ;o))) Kos deg med prosjektene, gleder meg til å se de ferdige sånn litt etter litt ;o)) Ha en fin kveld.

Unknown sa...

Herlig =) Høres i grunnen ut som min sofa for tiden. Stadig vekk ett nytt mønster som ser så spennende ut at det må prøves med en gang. Kanskje ikkje så rart at eg "aldri" blir ferdig med noe? =)