søndag 30. januar 2011

Prinsessevest:)


Ikkje er den rosa, og ikkje er den pynta med prinsessekroner... Men den er til Prinsessa mi, så då er det ein prinsessevest! Så enkelt er det:)

Oppskrift? Neida. Eg hadde berre litt mangel på eit prosjekt å ta med i veska. Så då vart det den lekre tråden eg fekk i gåve då Soline hadde eit jubileum i desember. Eg fekk 5 nøster Eskimo, og no har det blitt omdanna til ein vest til eldstejenta mi.

Enno har eg ikkje fått på knappar, eg har ikkje dei rette knappane i lageret mitt. Men det kjem nok snart, for Prinsessa vil frykteleg gjerne bruke denne med det same!

Eg har hekla to bestemorruter som er montert inn i nederste kant framme. Litt pynt må det vere:)

4 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

denne ble flott. Du er flink til å lage ting uten mønster.

Det var kjekt i kirka i dag. Den strikka kjlen du hadde på deg var veldig fin

Anlen sa...

Takk, Tove! Kjolen er frå Maskepi-boka:)

Greta sa...

Den var flott. god og varm og stilig på samme tid. Stor bedre kan det vel ikkje verte. Skjønner godt prinsessa eg som vil bruke den med ein gong. den var jo så lekker. ha ein super dag

mimouna sa...

Fine prinsessefarger det der. Og så kjekt når de vil bruke ting med en gang! Du kan jo feste den sammen med en pen sjalnål mens dere venter på de rette knappene?