søndag 20. februar 2011

Helg!

Her er eg:)

Det har vore stilt nokre dagar, men no har eg ei roleg stund, tidleg ein søndag morgon. Prinsessa er sendt ut dørene, ho er på veg til fotballturnering og fekk bli med foreldra til ei venninne. Eg syns det er litt dårleg gjort å legge opp til fotballkamp så tidleg på ein søndag at vi må stå opp som om det var mandag. Det er godt at vi har fotballvenninner som kan dele på transporten....

Prinsessa hadde overnattingsbesøk fredag til laurdag, og det var stor lykke. Jentene kosa seg både inne og ute heile fredag ettermiddag og kveld, det var ikkje mange dødpunkt! Eg var overraska over at dei faktisk la seg til å sove like etter kl. 22, det gjekk lettare enn eg hadde lov til å vente;)

Men så vart eg vekt av at Prinsessa mi lista seg inn for å seie at venninna kasta opp... Det burde ikkje vere ei stor overrasking etter at nesten alle i klassa har hatt sin omgang av svineriet. Ulempa var at venninna ikkje var heime hos mamma, og når ein er sjuk, er det den einaste plassen ein har lyst til å vere. Heldigvis var det enno "tidleg natt", så eg kontakta mora og sende pasienten heim kl. 01.00.

Gårsdagen vart dominert av klesvask;) Jentene hadde nemleg plassert seg over kvarandre i familiekøya til Prinsessa, og pasienten kasta opp i senga si, og som ein naturleg refleks lena ho seg nok ut over sengekanten. Der brukar pasientar å finne ei bøtte å levere varene i. Denne pasienten hadde ikkje bøtte, så varene vart fordelte godt i to senger, på to puter, to dyner, to madrasser, eit teppe og nokre kosebamsar....

Men no er det bra å vaska dyner og puter av og til, så det har vi fått gjort. Jammen godt at eg har ny vaskemaskin, som tek 8 kg.

Elles har eg starta planlegginga av bursdagsfeiringar neste helg. I går laga eg to kaker, nydeleg bringebærmousse på nøttebotn. Oppskrifta fann eg på VG sine matsider. Denne smakar rett og slett bringebær;) Litt kjedeleg å skulle jobbe pureen gjennom ei sikt for å fjerne steinane, det tok lang tid. Men resultatet er verdt det.
Biletet har eg lånt frå VG. Og så må eg innrømme at eg juksa med geleen på toppen, den ser ikkje så kul ut på mi kake. Der er det bringebærgele frå pakke...
Eg burde teke bilete av mi kake, men den er i frysaren, framleis med kakeform på sidene...


1 kommentar:

Fargeheimen sa...

Uff så kjedeleg for både dåke og overnattingsgjesten at ho vart dårleg. Håpar jenta er bra igjen no.

Ikkje kjekt å plutseleg å få så mykje ekstravask, men godt du har stor vaskemaskin ja.

Ja desse turneringane har ein tendens til å starte så tidleg at ein liksom ikkje får helg, litt dumt det ja.

Ønskjer deg ein superfin søndag.