tirsdag 22. februar 2011

Leitar etter dimmaren til sola

Det er så lyst i dag!

Kan nokon tenke seg å skru ned bittelitt av lysstyrken? Eg har fått ein slags betennelse på eine auget, og det er sååå vondt med sterkt lys!

No er eg heime ein liten tur, har besøkt lege og fått augedropar. Så då måtte eg heim for å drype i fred, i tilfelle det skulle svi som *pip*...

Jaja, no er det einaste problemet (i tillegg til at det gjer vondt og tårene renn) at sola skin så inderleg sterkt, og eg veit ikkje om eg klarer å bevege meg ut;) Må berre prøve!

Solbriller er ein fin ting, seier du? Ja, det er det:) Men eg bruker kontaktlinser (av og til med rett styrke, jamfør eit tidlegare innlegg) og solbrillene mine passar ikkje utanpå briller. For med betennelse er det rautande uaktuelt å legge linser inn på vondt-og-verk-auge.

Wish me luck, eg skal utfordre sola og dra på jobb. Får sjå om eg held ut heile dagen, men det er lov å prøve:)

5 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

God bedring kjære deg. Det er kjekt med sol, men jeg forstår deg godt nå. Klem

Greta sa...

God bedring. vi vil no ha sola, men skjønner deg og. Du må kjøpe deg sånne som du putter utenpå brillene når du må bruke briller da. Det har eg. Men eg bruker jo briller heile tida da.

Judit sa...

Neimen, stakkars deg. God bedring!

Sidselsidserk sa...

I wish you good luck:-)) Jeg misunner deg sola, men skjønner at den ikke er grei med deg.
God bedring og psst send sola til meg du:-)

Fru Keilegavlen sa...

Off, det hørtes ikkje noko særleg ut. God betring til deg!!