onsdag 2. februar 2011

Ny kaffimaskin i huset!


Eg kjøpte kaffimaskin til min kjære då han fylte 40 år nyleg. Dette fortalde eg i bloggen for eit par veker sidan:) Vi diskuterte alternative maskiner, og konkluderte med at kapselmaskina kanskje skulle byttast. Derfor vart maskina ståande nokre dagar, uopna, og så tok vi den med tilbake til butikken sist fredag. Gubben vart overtalt til å behalde den han hadde fått, av ein selgar som er flink til å snakke for seg;)Jentene skulle også profitere på at denne kapselmaskina vart valt, for då kan dei jo få kakao!

Turen gjekk heim igjen, og maskina vart pakka opp og testa. Jauda, det vart kaffi. Ein slags kaffi, i alle fall. Gubben likte ikkje verken den eine eller andre sorten han prøvde. Og jentene likte ikkje kakaoen. Då vart mora sur.... I alle fall litt gretten!

Så maskina vart pakka ned att, og i dag bytta eg den i ei anna maskin. Dobbelt så dyr, så butikken er godt fornøgd, og no ventar eg berre på at gubben skal kome heim så han får teste om kaffien her er godkjent.

No har eg smakt, og syns det smakar nesten bra. Men eg likar jo ikkje kaffi, så eg klarer ikkje heilt å vurdere...

Poenget er at denne maskina brukar heile bønner, og kvernar bønner til kvar kopp. Ferskare blir det ikkje!

5 kommentarer:

Fargeheimen sa...

Kaffimaskiner som lagar kaffi av heile bønner er dei beste ja. :)

Eg har hatt ei sånn i snart to år og eg rett og slett berre elskar den.
No for tida så drikker eg enten Blue Java eller Swiz. Swiz har ein nydeleg aroma av sjokolade og mint, minnar meg faktisk litt om After Eight på smak.

Ha ein fin kveld. :)

solveig sa...

E¤g er sikker på du gjorde rett! Elles så sparer du den sikkert inn att i forhold til dei dyre kapslane. Dette høyrest ut som ekte vare!

Greta sa...

Da har du gjort rett. Eg har ikkje sånn maskin, men eg har presskanne og kaffikvern. det er så stor forskjell på kvaliteten på å male kaffien sjølv og å kjøpe ferdigmalt. Regner med at han vart kjempefornøgd. Nytrekt og nykverna kaffi er berre lekkert.

Frau Putz sa...

Bedre end det bliver det næsten ikke.

Kun hvis kaffen bliver serveret i store, klare glas med en hel masse varm mælk - i solen på en lille café af en stilig franskmand...

Jeg drømmer lidt i øjeblikket, for sommeren virker uendeligt langt borte ;)

Klem fra
Karina

P.S. Kunne din mand lide kaffen? Eller er I nødt til at flytte til Frankrig? ;)

JunePune sa...

Helt rett valg!
Jeg har kapselmaskin, og skal bytte den ut med en som kverner av hele bønner og har melkesteamer siden jeg ikke drikker svart kaffi..
Gleder meg allerede..