onsdag 9. februar 2011

Overføring av særtrekk

"...og den som tygg brød, knekkebrød, kavring, eller mat som er sprø, eller lagar lyd som om det var sprøtt, med open munn, skal steinast med heile byen tilstades. Sameleis skal den som slurpedrikk te, kaffi, drikkar som er varme, har vore varme eller skal vere varme, på same måte steinast med heile byen tilstades."

-(Burde vere) 3. Mosebok

Dette henta eg frå facebook-statusen til Musikanten min. Eg er truleg skuld i slike harde bod, det er jo eg som har masa på han om å ete med munnen igjen, og ikkje slurpe etc. Faktisk skulda minstesystra mi meg for å ha sparka henne på beina under bordet dersom ho smatta. Eg kan ikkje motbevise det... Eg har berre eit forsvarsargument: Eg har fått angsten for bråkete eting overbrakt frå mamma. Og eg sparkar ikkje lenger dersom andre tygg for støyende. Men har kanskje lyst;)

1 kommentar:

dagny sa...

Du he berre sparka mej en gong so ej kan huske, men DET huska ej til gjengjeld godt ;) Berre spør na Terje, han fæ drepande blikk ofte når han gløyme dei nya kunstane sida. (les: å ete med munnen igjen.) hehe