onsdag 9. februar 2011

Strikkeinnlegg!

Det har teke litt lang tid mellom innlegga den siste tida. Det er noko med at kvardagane går frykteleg fort, og eg rekk ikkje meir... Men eg har strikka litt, da!

Ein svært hyggeleg kollega kommenterte at ho kunne kanskje trenge ei lue, sidan ho eigentleg aldri har hatt det. No trur eg nok at også ho måtte ha på seg lue då ho var litt yngre og mora fekk bestemme;) Men dei siste åra har det tydelegvis ikkje vore utstrakt luebruk.

No er eg slett ikkje sikker på om denne vil passe og falle i smak. Kravet var berre at det skulle vere ei svart lue. Denne vart litt i overkant vid, så eg strikkar umiddelbart ei til. Så kan ho få begge presentert samtidig, og har kanskje lettare for å vurdere kva ho likar best då. Lua er strikka i Sterk, som er eit godt garn til mykje!
Frau Putz er på hogget og spør etter mønster. Men det har eg jo ikkje:) Eg strikka på pinne 3,5, og la opp 100 masker. Perlestrikk til "pannebandstørrelse", og så auka eg til nokså nær dobbelt masketal. Eg bytta også til pinne 4,5. Så felte eg etterkvart på toppen... Easy-peasy.

5 kommentarer:

Frau Putz sa...

Kjempe Stilig - eller hvad det nu hedder på norsk ;)

Übercool hue! Hvor har du mønsteret fra?

~ Karina

Anlen sa...

Mønsteret fins berre i dei små grå;) Skal oppdaterer innlegget litt!

Greta sa...

Lua var tøff den. Svart passer jo til det meste. Håper ho liker den for den var veldig fin

Kranmajola sa...

Du er en skikkelig hue-ekspert. Kjempefin!

Frau Putz sa...

Takker :)

~ Karina