fredag 11. februar 2011

Sjuke born på verst tenkelege tidspunkt

Det er aldri særleg kos når borna blir sjuke, og spysjuke er det absolutt verste! Men elles er det stort sett overkomeleg, ein må vere heime frå jobb og vaske golv og klede, skifte litt ekstra sengetøy og elles bere drikke. Stort sett.

I går vart prinsessa brått dårleg, og ho kasta opp fleire gongar i går kveld og i natt. Superdårleg timing, sidan vi har planlagt å reise til Florø i dag, for å få med oss Musikanten og Ten Sing Norway sin konsert i kveld. Jentene skulle ikkje vere med, så vi foreldra har bestilt hotellrom for natta og skulle endeleg sjå Musikanten i fri utfalding. No er eg veldig i tvil...

Prinsessa har ikkje spydd i dag. Men ho er langt frå frisk! Og blir minstemor smitta? I så fall er det dårleg gjort å overlate ansvaret til mormor og morfar!
Alternativt kan ein av oss reise, men det er ikkje så fristande å køyre åleine... Å, så vanskelig!!

2 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Kjenner meg godt igjen i denne problemstllinga. Det er bare en ting å si: det passer aldri å bli syk

Sidselsidserk sa...

God bedring til den syke.
Flott jakke du har strikket og jeg regner med deg blir kjekk å ha. Her hos meg var det -20 i dag tidlig, så det spørs om ikke jeg skulle ha hatt ei god strikkejakke.
Ønsker alle i heimen din ei god helg.