søndag 13. februar 2011

Takk for ei flott helg:)

Sidan det er morsdag, kan eg sende ei takk til mamma:) Og for så vidt til pappa også, sidan dei tok ansvaret for våre to prinsesser så vi foreldra fekk stikke av og få med oss konserten til Musikanten. Han er med i TenSing Norway i år, og Florø var den næraste konserten dei skulle ha på sine turnear i innland og utland.

Vintertreff er ei årviss storhending i Møre og Romsdal, eg var med på mange i mine glansdagar. Alle TenSing-arar har sikkert vore med på eit eller fleire vintertreff. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal slo seg saman i år, og det trur eg var ein suksess. Litt langt å køyre for oss, men det skadar ikkje når ein har gode besteforeldre som stiller som barnevakt:)
Konserten var gnistrande flott, med mykje bra musikk. Musikanten min spelte slagverk og trompet, han song solo og i koret, og så var alle med på danseinnslag. Alle deltakarane på Ten Sing Norway er dyktige, og alle ser ut til å ha sjølvtillit nok til å stå på ei scene og vise seg fram. Det er jammen ingen dårleg eigenskap å ta med seg i livet.
Dei unge som reiser på vintertreff, må bu på flatseng på skule. Heldigvis er vi gamle nok til å kunne velge annleis;) Og vi hadde sjølvsagt ikkje noko ansvar for deltakarane som var med. Dermed kunne vi overnatte på hotell, det likar eg!


Det vart eit strålande ver laurdag, og vi fekk spasert ei runde i byen. Eg har aldri vore i Florø før, men eg kjem gjerne tilbake. Det ser ut til å vere ein sjarmerande by!
Det er store skilnadar i landet vårt. Heime på sunnmøre har vi nokre cm snø, i Florø var det ikkje ei snøfille å sjå nokon stad. Men på vegen til Florø passerte vi meterhøge brøytekantar både her og der. Vi vart sitande i stor fascinasjon og sjå på målaran i bilen då vi køyrde heimover. Ved Jølstervatnet var det 20 minusgrader, og det er ikkje ofte eg ser slike tal! Vakkert var det også! Sjølvsagt måtte eg innom nokre få butikkar i Florø. Det var ikkje mogleg å gå frå desse to. Eg har ikkje sett dette garnet før, og det ropte på meg;)
I dag var gubben på dugnad i huset til systra mi. Så eg tok med meg jentene til Leikeland i Ålesund. Med strikkepinnane på plass, te og cookie. Det er lett å kose seg når borna hyler av fryd.



Posted by Picasa

3 kommentarer:

Mariann S sa...

Det høyrest ut som ei flott helg ja :) Ha ei flott ny veke også :)

KRØLLEMIKKEL sa...

Det var vel en deilig helg!

Greta sa...

Det høres ut som ei super helg. eg har bodd i sogn i snart 24 år, men har heller aldri vore i Florø. Det er ei stor skam. Får håpe eg får gjort noko med det i år.
Her lengre inne i sogn har vi snø så det held. Trur det må vere den nest snørikaste sidan vi flytta hit.
ha ei strålandes ny uke