Vintertreff er ei årviss storhending i Møre og Romsdal, eg var med på mange i mine glansdagar. Alle TenSing-arar har sikkert vore med på eit eller fleire vintertreff. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal slo seg saman i år, og det trur eg var ein suksess. Litt langt å køyre for oss, men det skadar ikkje når ein har gode besteforeldre som stiller som barnevakt:)
Konserten var gnistrande flott, med mykje bra musikk. Musikanten min spelte slagverk og trompet, han song solo og i koret, og så var alle med på danseinnslag. Alle deltakarane på Ten Sing Norway er dyktige, og alle ser ut til å ha sjølvtillit nok til å stå på ei scene og vise seg fram. Det er jammen ingen dårleg eigenskap å ta med seg i livet.
Dei unge som reiser på vintertreff, må bu på flatseng på skule. Heldigvis er vi gamle nok til å kunne velge annleis;) Og vi hadde sjølvsagt ikkje noko ansvar for deltakarane som var med. Dermed kunne vi overnatte på hotell, det likar eg!
Sjølvsagt måtte eg innom nokre få butikkar i Florø. Det var ikkje mogleg å gå frå desse to. Eg har ikkje sett dette garnet før, og det ropte på meg;)


3 kommentarer:
Det høyrest ut som ei flott helg ja :) Ha ei flott ny veke også :)
Det var vel en deilig helg!
Det høres ut som ei super helg. eg har bodd i sogn i snart 24 år, men har heller aldri vore i Florø. Det er ei stor skam. Får håpe eg får gjort noko med det i år.
Her lengre inne i sogn har vi snø så det held. Trur det må vere den nest snørikaste sidan vi flytta hit.
ha ei strålandes ny uke
Legg inn en kommentar