søndag 27. mars 2011

Dugnad!


Det skal vere noko heilnorsk over dugnadskonseptet. Eg er ikkje sikker på om det er berre her i landet vi har ein ide om at det er ok å hjelpe kvarandre.

Systra mi er i innspurten av husbygginga, og no er det kun kort tid att til ho kan ta med seg mannen og veslejenta til det nye huset. Men fyrst må det vaskast ein god del... Hjelpe meg, så mykje støv det er i slike nybygg! Vi var der nokre timar, og fekk fjerna ein god del av støvet:) Det er ikkje tomt, men det er i alle fall nokre rom som er ok! Huset vert stilig, og eg ser fram til å kome på besøk:)

Odin, som er ein diiiger riesenscnauzer, har tenkt å prøve å vere sjef i huset. Men han klarer det nok ikkje;) Han kan få vere sjef over nokre kvadratmeter under trappa...

2 kommentarer:

Brit Strikkenerd sa...

Det er godt at man kan hjelpe hverandre:)

Jorunn S. sa...

Så flinke dere er :)
Dugnad er både sosialt og givende.
Vi har akkurat hatt en fantastisk dugnadshelg i Oslo med loppemarked for korpset.