onsdag 23. mars 2011

Fantastisk gåve!

Sjå, for ei herleg gåve eg har fått! Det er berre fantastisk å få så mykje flott garn!
Delight er eit flott garn, det har eg vel registrert før. Og desse fargane er nydelege! Nepal har eg ikkje sett før, i alle fall ikkje på nært hald. Mjukt og deilig, det kan bli noko lekkert av det!
Og så er eg fascinert over den store hespa med spennande garn, eg trur namnet er Villa. Det er i alle fall ullgarn, frå Estland eller Latvia? Her blir det nok ein del forsking før eg konkluderer med prosjekt. Heldigvis har eg no ei god unnskyldning for å besøke systra mi som har hespetre og nøstemaskin:)

Det var ikkje så vanskeleg å finne ut kven avsendaren er, sidan eg fekk oppgitt adressa til bloggen og det viser seg at det er Husfruen som står bak:)

Tusen takk, Husfruen, dette er verkeleg ein pakke eg set stor pris på!

Posted by Picasa

2 kommentarer:

Husfruen sa...

Så fint at du ble glad for gaven, jeg studerte og tenkte lenge. Det hespet er Evilla, jeg holder på å strikke en tunika til 2 åringen min av samme garnet:)

Knutine sa...

Så herlige farger. ja,her kan du la kreaviteten få jobbe..

Ha en flott kveld.

Mvh Wenche